TELEFON
9
00
37 505
ADRESSE
Toppen 6 , 6763 HORNINDAL
Show navigation
Hide navigation
Framsida
Firmainfo
Kontakt oss
Prosjekt
Avstander
Det gode liv
Det gode liv
Dei harmoniske omgjevnadane, dei mange aktivitetstilboda og den sentrale plasseringa gjer Hornindal stadig meir populær når det gjeld busetnad og etablering. Hornindal ligg i ein region der vegnettet er godt utbygd og avstandane er korte. Dette gjev Hornindal større nærleik til omverda enn ein kanskje skulle tru. Her kan du bu landleg å leve urbant.
Hornindal har eit vidt spekter av verksemder som utgjer eit innovativt og framtidsretta næringsliv med mange spennade arbeidsplassar, og med dei korte pendalaravstandane bør draumejobben vere innan rekkevidde. Søkjer du ei variert fritid har Hornindal eit breitt tilbod av aktivitetar for store og små. Likar du friluftsliv kan du få unike naturopplevingar i ein storslått kobinasjon av fjell, skog og vatn.
Hornindal er ein god stad å vekse opp. Her er full barnehagedekning i moderne barnehagar, ny skule i trygge naturlege miljø, og eit allsidig fritidstilbod for barn og unge. Det er kort veg til vidaregåande- og høgskuletilbod.
I Hornindal er det alltid rom for nyskapande grunderar, framtidsretta bedrifter og kvalifisert arbeidskraft. Kom å busett deg midt i smørauget.
Klikk her for å lese meir om det GODE LIV I HORNINDAL!
Hornindal kommune ligg lengst nord i Sogn og Fjordane og grensar til Stryn, Eid, Volda, Ørsta og Stranda. Frå 1. januar 2020 vert Hornindal og Volda felles kommune og Hornindal vert frå same dato og del av Møre og Romsdal.
Kommunesenteret Grodås ligg ved austenden av Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø (514 m). Hornindalsrokken (1527 moh.) er høgste fjell i Hornindal.
På Grodås ligg Anders Svor-museet (opna i 1953), som rommar mange av arbeida til bilethoggaren Anders Svor (1864–1929).
22. september 2012 vart Kvivsvegen opna. Køyretida til søre Sunnmøre vart med det korta ned med om lag 50 minutt og Hornindal vart del av ein ny, stor felles bu- og arbeidsregion som omfattar Nordfjord, indre og søre Sunnmøre med totalt ca 60.000 innbyggjarar.
Hornindal på Wikipedia
NB: Bileta for Grodåsbakkane er dataanimerte, og kan avvike noko frå endeleg resultat.